IllustrasjonsfotoImporten av landbruksvarer til Norge har dobla seg sidan år 2000 og utgjer i dag ca 40 milliarder kroner pr år. Ei styrking av importvernet innan dei rammene som WTO-avtale gjev vil vere eit viktig bidrag for at norsk landbruk og matindustri skal kunne utvikle seg framover.  Dette gjev rom for at norsk landbruk og landbruket i Sogn og Fjordane kan ta del i forbruksveksten, seier Hilleren.  Fylkesleiaren vil gje ros til ei samla regjering og til alle som har medverka til eit betra tollvern.  Det er flott at  mange av politikarane ser kor viktig det er å styrke tollvernet på norske landbruksprodukt for å kunne ta vare på det norske matmangfaldet. 

- Eg registrerer at nokon ropar høgt om at det vil bli mindre mangfald i norske butikkar med denne endringa, men det stemmer ikkje seier Hilleren.  Gjennom ei avtale med EU om tollfri import for 7200 tonn faste ostar vil det framleis vere franske speialostar og andre utanlandske ostar i butikken til uendra pris.  Det er ikkje noko i dette vedtaket som tilseier verken auka pris eller redusert mangfald av utanlandske ostar.   Overgangen til prosenttoll på faste ostar vil ikkje redusere det utanlandske mangfaldet, men det styrke rammevilkåra for det norske mangfaldet i ein situasjon med ein auka forbruksvekst, avsluttar Hilleren. 

Eit styrka importvern vil ikkje gje eit prishopp, men gjer at landbruket over tid kan få dekka auka kostnader i marknaden. Som for anna næringsliv, er det avgjerande at prisane kan følge den generelle kostnadsveksten i Norge.  Det må vere like logisk at matvarer stig i pris når kostnadene aukar, som at øvrige varer og tenester i samfunnet vert dyrare ved auka kostnader.   Det endelege innhaldet i vedtaket vert presentert i Statsbudsjettet den 8. oktober, og det vert spanande å lese kva som i detalj står der avsluttar Hilleren..