Vidare i fråsegna frå årsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag heiter det:

Bønder er med i den frivillige brannberedskapen.  Bondelaget vil også peike på at kompetansearbeidsplassar vil gå med i dragsuget av flytting av alarmsentralen.  

Kvifor Florø?

  • Gode lokalkunskapar, lang erfaring og god kontaktflate
  • Moderne 110 sentral – samordna med politiet
  • Sogn og Fjordane er bygd opp på eit frivillig brannvesen, dette kan ikkje samanliknast  med profesjonelt.
  • Stor bruk av den stolte brannmann som ofte er bonde som kan improvisere og finne løysing i kritiske situasjonar.
  • Flytting av 110 sentralen kan virke demotiverande  i den lokale beredskapen. 

Mange oppgåver vert løyst best lokalt, og dette er ei av dei meiner fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag.