Rudi Søpnnervik

Rudi Sønnervik presentert følgjande sentrale føresetnader for at ettersøksarbeidet skal kunne fungere best mogleg:

Det må vere eit godt samarbeid mellom jeger og jaktlag ved skadeskyting eller misstanke om dette.

Hjorten er eit hardført dyreslag, der Sønnervik viste eksempel på at skadeskotne dyr kan finnast i live etter to dagars leiting. Ein må såleis vere budde på at ettersøket kan gå over tre dagar. I motsetning til skadeskoten elg, kan skadeskoten hjort bevege seg over store avstandar ofte i ulendt terreng.

Dersom det er mistanke om skadeskyting har jeger i utgangspunktet ansvar for førstegongs ettersøk, og skal ved undersøking av kulenedslaget prøve å konstantere om det var bomskot ved tvilstillfelle. Jeger skal setje seg ned å lytte etter lyd frå skada dyr og følgje etter dyret å observere. Første sårleie er ein sentral funnstad. Er det blodspor skal ein gå utanom det, om ettersøkshund skal setjast inn seinare.

Når det vert konstatert skadeskyting, eller misstanke om det, og kommunalt ettersøk med hund skal setjast inn, bør dette skje innan 4 timar. Jeger skal ved ettersøk i utgangspunktet kunne dokumentere tid/stad og type påskot, merka skotplass og observasjonar kring hjorten si adferd etter påskot.

Kommunalt ettersøksperson skal undersøkje skotplassen før ettersøk, for mellom anna snitt/hår, kulenedslag, kulebane, skotreduksjon, klauvtrykk, splintar frå bein eller mageinnhald. Dette er eksempel på viktige indikatorar for kva type skade og omfanget av skade. Før ettersøk vert sett i gong vil også ettersøksperson måtte vurdere terreng, ver- og lysforhold og omstende kring skadesituasjon elles.

Det var så konkludert med at før ettersøksabeidet vert sett i verk er det såleis viktig at det vert gjennomført ein grundig porsedye for å finne ut mest moleg om det eventuelt skadeskote dyret og grunnlaget for ettersøk og at dette kan ta timar å gjennomføre. Ein skal ikkje stresse fram ettersøk før desse faktorane er grundig nok vurdert.