Det ligg føre ein storstila plan for prøvetaking  CWD i jaktsesongen 2018:

Art

Kategori

Kommune/villreinområde

Dyr som skal testes

Elg, hjort, rådyr og villrein

Fallvilt

Alle kommuner/ villreinområder i Norge

1 år eller eldre hunndyr og hanndyr

Villrein

Jakt

Alle villreinområder i Norge

1 år eller eldre hunndyr og hanndyr

Elg og hjort

Jakt

Kommuner i områder der skrantesjuke er påvist, se punkt 3 a-d.

2 år eller eldre hunndyr og hanndyr

Elg og hjort

Jakt

Utvalgte kommuner, se vedlegg 1.

2 år eller eldre hunndyr og hanndyr

13 kommunar i Sogn og Fjordane er plukka ut til å ta prøvar i samband med jakt.  Jegeren skal sjølv ta prøvane og sende dei inn.  Prøvane må sendast tidlege vekedagar for å nå fram.  Om du skyt i helga må prøvane stå kaldt til dei kan sendast  (Blir spanande innhald i mange kjøleskåp til hausten).  Prøvane skal ikkje frysast.  Jegerar i desse 13 kommunane i vårt fylke skal gjere jobben:  Flora, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Luster, Førde, Naustdal, Jølster, Gaular, Eid, Bremanger, Selje og Vågsøy.  I tilleg skal det takast prøvar i Indre Sogn der cWD er påvist.

Kommunane som ikkje hadde hatt informasjonsmøte om prøvetakinga er bedne om å gjennomføre dette.  Sogndal hadde hatt 100 frammøtte på ein slik informasjonskveld.  Ligg informasjon og videoar på hjorteviltportalen om korleis prøvetaking skal skje.   Kan elles ta prøvar på friviljug basis.

Meir informasjon om kartleggingsprogrammet finn du her:

Hjorteviltportalen

NINA: Overvåkingsprogrammet for hjortevilt

Viktig nettside for alle jegerar der prøver og skotne dyr skal registrerast: Sett og skutt 

Prøvesvar finn ein i hjorteviltregisteret under fane helse