Anders Felde ser fram til å halde fram arbeidsøkta som tillitsvald i eit svært spanande verv.  - Eg får med meg eit stødig styre med mykje kompetanse innan ulike produksjonar og tema, held Felde fram.   Sogn og Fjordane Bondelag har eit sterkt styre der alle som var på val fekk stor støtte frå fylkesårsmøtet.  Det er godt å ha i ryggen når vi skal halde fram arbeidet med mange krevande oppgåver.  Mellom anna skal vi saman med styret i Hordaland Bondelag legge grunnen for eit nytt og viktig Vestland Bondelag.

Henriette Sunde hadde sagt frå seg vervet som styremedlem. I hennar stad kom Gry Ingvild Agjeld frå Olden inn som styremedlem.  Som ny første vara kom Ellen Kristin Eiken frå Fjaler inn.

Frå venstre: Nils Magne Gjengedal, Ellen Kristin Eiken, Anders Felde, Kari Sigrun Lysne, Ole Bjarne Hovland, Gry Ingvild Agjeld og Mathilde Dolen Nesje.

 

Styret i Sogn og Fjordane Bondelag etter val i fylkesårsmøtet 2020:

Leiar: Anders Felde (Breim)

Nestleiar: Ole Bjarne Hovland (Årdal)

Styremedlem: Nils Magne Gjengedal (Hyen)

Styremedlem:  Gry Ingvild Agjeld (Olden)

Styremedlem: Kari Sigrun Lysne (Lærdal)

1.vara: Ellen Kristin Eiken (Hellevik)

2.vara: Olav Høyheim Einan (Hafslo)

3.vara: Mathilde Dolen Nesje (Oppstryn)