Vi tok ein prat med Marie Nicolaisen ved Sunnfjord Museum om korleis stølsdrifta i Norge har vore opp gjennom åra. Ho fortel at stølsdrifta har vore vanleg i heile landet, og lokale variasjonar er mange. Ein støl eller seter er eit område i utmarka der det var store beite- og slåtteareal. Med å ha dyra her, kunne utnyttinga av beite- og fôrressursane optimaliserast.

Nokon gardar hadde til og med fleire støylar som dei flytta dyra til. På heimstølen vart dyra mjølka og stelt, men folket budde ikkje der. Her var dyra om våren og hausten når det ikkje var mogleg å ha dei høgt til fjells. Bortestøylane/sommarstøylane låg ofte så langt vekke at det ikkje var mogleg å gå fram og tilbake på dagen. På sommarstøylen hadde ein som regel eit sel som ein budde i. Selet kunne vere todelt, eit innersel der ein budde, og eit utsel (skåt,bu) der ein prosesserte mjølka ein fekk frå dyra. Det kunne også vere fleire bygg med ulike funksjonar.

Samling av sel ved stølen til Sunnfjord Museum

Ein ser ofte at stølsvollen kunne vere inngjerda. Då hadde ein stiar som dyra vart leia på inn til mjølkefjøsen dersom den stod innanfor det inngjerda området. Fjøsen kunne også stå plassert utanfor inngjerda område. På stølar som låg i bratte terreng, låg ofte fjøsen lengst oppe. Det var då lettare å spre møka nedover. Ein samla ofte fôr i form av gras, lauv og lav kring støylen eller på veg til støylen. Kvaliteten på foret ein sanka saman på støylen og i området rundt var ikkje alltid av den beste. Men ein var oppteken av å utnytte alle resursane ein hadde  for at dyra skulle overleve vinteren. Ein kunne ha fleire uteløer der fôret vart lagra og henta først om vinteren. Mengda fôr ein sanka kunne påverke kor mange dyr ein kunne la overvintre og kor mange ein måtte slakte om hausten.

Før i tida var hovuddelen av mjølkeproduksjonen om sommaren, når dyra hadde tilgang på rikeleg og god mat. Dei fleste gardsbruka hadde ikkje nok fôr til at ein kunne mjølke gjennom heile året, det gjaldt å halde dyra i live for å kunne overleve gjennom vinteren for igjen å kunne utnytte ressursane dyra gav om sommaren.

På støylen som låg lengst vekke vart mjølka foredla til smør, ost og surmjølk på støylen. Denne maten hadde ein til vinteren, eller den vart brukt som handelsvare. Då kom det folk frå garden for å hente produkta heim i løpet av sommaren. På støylane som låg i nærleiken til garden bar ein ofte mjølka heim når ein var ferdig å mjølke. På nokre støylar mjølka ein morgon og kveld, men midt på dagen måtte ein attende til garden for å arbeide.

Vidare fortel Nicolaisen om at ein før i tida tykte at utmarka var skummel. Ein trudde at huldrefolket, eller dei underjordiske, heldt til i utmarka, og at det kunne skje uforklarlige og skremmande ting.  Forteljingar og tidligare tiders førestillingar om huldrefolket hadde ein funksjon for å forklare hendingar ein ikkje elles kunne forklare på denne tida. Ein kunne t.d. forklare funksjonshemming, misdanningar, sjukdom eller mykje skriking hjå nyfødde born med at huldrefolket hadde bytta unge med deg (bytingar). Psykisk sjukdom,  forsvinning, graviditet som ikkje var ynskja etc. kunne bli forklart med at ein var blitt bergtatt, altså tatt med inn i berget av huldrefolket. Ein trudde at huldrefolket budde på støylen når ein sjølv ikkje brukte den, og ein burde ikkje opphalde seg på støylane på same tid.

Mange stader var det faste dagar ein skulle ta i bruk, og reise heim frå støylen, dette var felles for alle som bruka utmarka. Tidspunkt for når ein skulle reise til, og frå støylen kunne bli styrt av klima. Det var viktig å ikkje skulle bruke opp ressursane og at alle skulle få ta del i den same goda. Folkloristen Svale Solheim meiner at trua på at huldrefolket budde på støylane utanom denne tida hadde ein funksjon for at alle skulle ha lik tilgang til godene.  

Ofte var det kvinner og born som reiste til støylen for å jobbe. Mange plassar var det festdagar på støylen der ein hadde festmåltid, leik og dans.

Informasjonsplakat ved stølen tilknytt Sunnfjord Museum

For vestlandet har dyreproduksjon og støylsdrift vore viktig. Framleis er det ein del som har mjølkeproduksjon på støylen om sommaren. Fylkesmannen i Vestland har gjort eit kartlegging av støylar i drift med mjølkeproduksjon. I følgje søkjartala for RMP var det til saman 41 enkeltstøylar og 12 fellesstøylar i drift i Sogn og Fjordane i 2020.  

Er du nysgjerrig på geografisk plassering av støylane, kan du finne desse på Fylkesatlas under temalag Landbruk/Husdyr og beitebruk/Stølar i drift, der Blå punkt = enkeltstøylar og Raude punkt = fellesstøylar.

Utsnitt av kart som syner støylar i drift i Sogn og Fjordane

Marie har delt to huldresagn med oss, eit som stammar frå Innvik og eit frå Lærdal. 

Huldrebryllup på støylen (Innvik)

På Heggdalsstøylen var det eit år dei var litt seine med buføringa; dei fekk ikkje med seg alt saman ned frå stølen før barsoknatta kom.  Så var det ei tenestjente som skulle opp og hente heimferda: den mjølka og rømmen som var att. Det vara og rakk; men jenta kom ikkje ned att. Då vart dei redde for henne nede på garden. 

Kjærasten hennar tok med seg ei gamal dundrebørse og drog opp og skulle sjå etter henne. 

Då han kom fram til selet, høyrde han ståk innanfrå. Det høyrdest ut som det var mange der inne; så han våga seg ikkje inn, men kleiv opp på taket, og titta ned igjennom ljoren. Då såg han kjærasten sitje pynta til brur midt i ein flokk med underjordiske. Guten tok børsa og løyste eit skot over taket. Då vart det reint forferdeleg til skrik og skrål der nede i stova. Døra spratt opp, og guten såg ein heil skokk med grå ullnyste som trilla nedover bakkane og vart vekke. Men jenta sat igjen, og pyntet hadde ho på seg.

Heggdalspyntet har vore i bruk til for om lag 100 år sidan. Det er somme som meiner at einkvan har teke det med til Amerika. Andre trur det vart seld til turistar. (bb/ntgø)

 

Huldra på stølen Furusete (Lærdal)

Garden hadde støyl på Furusete langt framme i Erdalsdalen i den tida segna fortel om.
Ein kveld kom berre halvdelen av buskapen heim til støylen. Dei to budeiene tok med ein gong ut på leit. Dei fylgde fenadtrakket (= kutrakket) framover og gjekk ikkje så svært langt før dei oppdaga kyrne ved nokre bergufser eit stykkje under fenatrakket. Det såg ut som kyrne prøvde å koma seg opp att i fenatrakket for å koma seg heim til støylen, men vart fleire gonger jaga ned att av noko dei ikkje kunne sjå. Budeiene trudde det kunne vera eit dyr som låg og skremde.
         Då dei kom nærare, oppdaga dei to kvinneliknande skapningar som berre av og til synte seg for å møta kyrne når dei ville opp. Dei kunne også sjå at dei hadde rove og skjøna at dette var huldrer, og då fann dei det rettast å koma seg derifrå snarast mogleg.
         På støylen tok den eine budeia fatt på mjølkinga av dei kyrne som var komne, medan den andre tok vegen heim for å gjera gardsfolket kjende med tilburden (= hendinga).
         Budeia kom heim seint på kvelden og gardsfolka vart svært skremde då ho fortalde at huldra ville overta mange av dei beste kyrne deira. Eldste sonen på garden, som enno var i tenåra, trudde lite på huldra og let om at han trudde budeia tulla når ho sa dei hadde sett huldrer som hindra buskapen frå å koma til støylen. Faren var ikkje så sikker på det. Dei hadde då høyrt om folk som hadde råka på huldrer både i skogen og på fjellet, og mange haugar og hellerar hadde huldrenamn.
      Det var mange mannfolk i arbeid på garden på denne tida, og dei vart samde om at dei alle skulle dra til fjells for å berga kyrne frå å verta bergtekne. Så snart det ljosna av dag, tok dei av stad med to hestar. Dei skulle også nytta turen til å få heim myse, ost og smør. Dei yngste av dei trudde sikkert at kyrne var komne til støls når dei kom fram. Dei eldste var nok meir i tvil. Budeia fekk plass på kløvsalen mellom myseflaskene på den sterkaste hesten.

 

    På turen vart huldra mykje omtala, og mange huldrehistorier vart fortalde. Yngstemann i laget trudde lite på desse historiene og heldt fram at det berre var dei som hadde skuggar for augo som såg huldrer.  

    - Vent til de ser dei, ropa ho som sat på hesteryggen, med vissa om at det var huldra ho hadde sett.