- Eg orsakar at dette for ei lita tid vil gå utover 3. person, men vi må markere vår frustrasjon over manglande politisk vilje til å sikre den viktige matprodusenten ei anstendig inntekt.  Nok er nok, seier ein tydeleg frustrert fylkesleiar som stengjer Utvikfjellet saman med bønder frå Breim og Vikane.

Stortinget har bede bøndene om å produsere meir mat.   Vi utfører gjerne den viktige samfunnsoppgåva, men det må løne seg å produsere mat. Regjeringa sviktar sine eigne ambisjonar i den nyleg vedtekne stortingsmeldinga om mat og landbruk, som seier at matproduksjonen i Norge skal auke 20 prosent dei kommande 20 åra. Tilbodet i forhandlingane legg i staden eit grunnlag for ein redusert matproduksjon i Norge.

Vi kan ikkje ta ansvar for ei jordbruksavtale som:

  • Ikkje gjev inntektsmoglegheiter som andre grupper – bøndene si inntekt ligg i snitt 180 000 kr lågare enn det andre grupper får.
  • Ikkje legg grunnlaget for ein auka matproduksjon, slik Stortinget har vedteke.
  • Ikkje er eit svar på landbruket sine rekrutteringsutfordringar.
  • Ikkje gjev inntekt for å kunne investere for framtida.
  • Ikkje gjev ein økonomi som gjev grunnlag for eit landbruk i heile landet

Vi som er bønder og matprodusentar har ikkje tru på at inntekt nokon gong skal vere den viktigaste drivkrafta for å bli bonde.  Det må berre IKKJE vere den viktigaste grunnen til å ikkje bli bonde.