PÅ ÅRSMØTE: Cirka 15 personar kom på årsmøtet til Davik/Ålfoten Bondelag. 

 

Davik/Ålfoten Bondelag har hatt både styremøter og telfonmøte. Laget har også delteke på kurs/møter i regi av fylkeslaget. I tillegg har dei hatt studiering i samband med jordbruksforhandlingane. 

Laget fekk også ein invitasjon frå Davik sokneråd til å vera med på ein hausttakkefest. Dette takka dei ja til, og fortalde der både om lokallaget og trygg, god mat. 

 

Val og styret for komande år:

Leiar: Stein Kåre Karstensen 

Nestleiar: Brynjar Myklebust

Kasserar: Magnus Endal

Sekretær: Idar Dombestein

Studieleiar: Kari Sognedal

 

Som varamedlem vart Jan Sandvik, Asle Indredavik og Arne Olai Midtbø valde.