- Det er viktig at vi har fått gjennomslag for ei forståing av at prinsippet om kompensasjon er naudsynt for næringa, held Felde fram.  Særleg er dette viktig for eit fylke som Sogn og Fjordane der verdiskapinga frå mjølkeproduksjonen står for over 50 % av landbruksproduksjonen i fylket.

Av andre viktige saker i årets statsbudsjett, som har kome positivt ut i høve til framlegget frå regjeringa vil Sogn og Fjordane Bondelag peike på følgjande:

Auka løyvingar til flaumsikring

I statsbudsjettet  vert løyvingane til flaumsikring auka med 100 millionar kroner i høve til regjeringa sitt opprinnelege framlegg.  Dette er ei sak som vi i Sogn og Fjordane Bondelag, etter eit møte med ordføraren i Stryn kommune, Sven Flo, spelte inn til Norges Bondelag som ei svært viktig sak å arbeide med i høve statsbudsjettet for 2018.  - Eg er glad for at det vert gjort ei påplussing på dette tiltaket seier Felde.    Det vil vere mykje betre å arbeide for å førebyggje skader enn å reparere dei i etterkant.  Som elles er førebyggjing også her livsviktig i nokon tilfelle.

Auka løyvingar til utbygging av breiband

- At V og Krf plussar på 80 millionar til utbygging av breiband er svært viktig for vårt fylke med spreidd busetnad og mange bygder der det ikkje ligg til rette for kommersiell utbygging åleine, seier ein nøgd fylkesleiar.   Dette er også ei av dei sakene fylkeslaget har spelt inn etter initiativ frå lokallaget i Olden.  - Skal vi drive næring i distrikta i framtida vil tilgang til svært gode breiband vere like viktig som gode vegar, seier ein nøgd fylkesleiar.

Løyvingane til friviljuge organisasjonar er berga

Nok ein gong har opposisjonen gjort eit svært viktig arbeid med å sikre løyvingane til dei friviljuge organisasjonane over Landbruks- og Matdepartementet sitt budsjett.   Statsråden kom med forslag om å fjerne alle løyvingar til friviljuge organisasjonar.  Nok ein gong sette opposisjonen "skåpet på plass", så no håpar eg verkeleg at det er siste gongen regjeringa prøver seg med desse kutta seier ein tydeleg Felde.  Dei friviljuge organisasjonane, som til dømes 4H gjer ein utruleg viktig jobb i bygdene våre med opplæring av ungdom i demokrati, friluftsliv, landbruk, scenekunst om mykje meir.   Mange tillitsvalde og politikarar har starta kunskapsbygginga si i denne organisasjonen.  Eit stort hurra til V og Krf for at de er tydelege på løyvingane til dei friviljuge.

 

Fakta om kompensasjon:

Kompensasjon til mjølkemarknadent er viktig fordi markedsmoglegheitene for norske landbruksvarer vert svekka av deipolitiske vedtaka som vart gjort i vår, om å auke den tollfrie importkvoten på ost frå EU.  I tillegg skal eksportstøtten til Jarlsbergost fasast ut innan utgangen av 2020. Stortinget vedtok difor etter handsaming i både næringskomiteen og utanriks- og forsvarskomiteen å be regjeringa om å fremme kompenserande tiltak i statsbudsjettet for 2018.