- Det hadde vore veldig kjekt om ein geitebonde frå Kandalen vann, seier Jørn Arne Vanberg.

Han er nominert til årets unge bonde 2014.

- Det er veldig stas.

Vanberg driv med geit og litt sau i Gloppen kommune. Han har cirka 160 geiter med kje og 35 sauer.

- Det er fine og ålreite dyr. Vidare er dei kontaktsøkjande og lette å handtere.

 

Moro med geiter

- Geitene gjer ein god jobb med å halde vegitasjonen nede.

Ifylgje Vanberg er geita viktig både for matproduksjon og kulturlandskap.

Kvifor ville du bli bonde?

-  Eg har alltid likt gardsarbeid. Det er moro å vera sin eigen sjef.

 

Stolt av Jørn

- Eg er stolt over Jørn, fortel sambuar Norunn Osen.

Ho meiner det er viktig å setje geitenæringa på kartert.

- Det er eit dyr eg meiner burde fått meir merksemd, geita leverer gode produkt.

 

Sjå video med Jørn Arne Vanberg og Norunn Osen her:

https://www.youtube.com/watch?v=OkF1IEFwPcA

 

Veit ikkje kven som nominete han

- Eg trudde det var bror min som hadde nominert meg. Då eg prata med han, nekta han for det. Så eg er usikker på kven det var.

Han ser på sambuaren som ler.

- Det var ikkje meg, fortel ho. Me veit faktisk ikkje kven det var.

No håpar ho at Jørn Arne får den gjeve tittelen.

- Han er så flink med dyra, han er engasjert og har mykje pågangsmot. Eg tykkjer han fortjener å vinne.

 

Vil du stemme på Jørn Arne Vanberg, sjå her:

https://www.facebook.com/GronnUtdanning/app_296814257123064