Stardalen inviterer til Bygdenæringsdagar
Bygdenæringsdagane i Stardalen er eit sikkert vårtegn, som i år feirar 20 år. Arrangementet går av stabelen laurdag23. og søndag 24. april.
Bygdenæringsdagane i Stardalen er ei sals- og utstillingsmesse som vert arrangert kvar vår, og i år er det 23.-24. april du bør ta turen til "bygda under breen". På messa finn du eit breitt utval av lokale råvarer, gardsmat og handarbeid.
Sogn og Fjordane Bondelag vil vere til stades med stand på arrangementet. Opningstida er frå kl. 12.00-17.00 begge dagar. På standen møter du mellom andre fylkesleiar Anders Felde, og styremedlem Nils Magne Gjengedal. Kom og slå av ein prat!