På Vestlandet var det bruka med sauehald som hadde størst auke i jordbruksinntekta frå 2010 til 2011, men til det er å merke at dei ligg lågast i utgangspunktet.   For andre viktige driftsformer var det stagnasjon eller nedgang i resultatet. I gjennomsnitt auka jordbruksinntekta med kr 1 300 for vestlandsbonden. Det viser den årlege rekneskapsundersøkinga frå Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning.  - Eg tykkjer tala frå NILF syner eit reelt bilete av det som bonden opplever ute i praksis, og dei syner med tydelegheit kvifor det var heilt naudsynt med eit brot i jordbruksforhandlingane i 2012.  Dette er rett og slett ikkje godt nok skal vi sikre ein framtidig matproduksjon i Norge.  Politikarane må auke løyvingane til landbruket og prioritere opp denne viktige næringa, seier ein tydeleg fylkesleiar.

Bruk med sauehald oppnådde den største auken i jordbruksinntekta med kr 31 000, til kr 147 200. Sjølv med god inntektsvekst frå 2010 til 2011 samanlikna med andre driftsformer, ligg framleis bruka med einsidig sauehald svært lågt i jordbruksinntekt per årsverk. Mjølkeproduksjon har gjennom mange år vore basisen for landbruket på Vestlandet, og det er flest bruk i denne gruppa. For mjølkeprodusentane gjekk jordbruksinntekta ned med 1 % til kr 218 400 per årsverk frå 2010 til 2011.

Bruka med kombinert mjølkeproduksjon og svinehald fekk redusert jordbruksinntekta med 3 %, men er framleis driftsforma med høgast jordbruksinntekt på Vestlandet med kr 257 900 per årsverk. Fruktbruka hadde ein nedgang på 10 % grunna dårleg frukthaust.

Både i 2009 og 2010 var nettoinvesteringane i jordbruket på Vestlandet relativt høge. I 2011 fall investeringsnivået, og vart på kr 37 900. Samstundes har samla gjeld auka med kr 76 700 (5 %) på Vestlandet. I gjennomsnitt var gjelda på 1,7 mill. kr.  Skattefordel som følgje av jordbruksfrådrag, er ikkje med i resultatmåla. Skattekorrigert inntektsverknad er berekna til kr 25 700 per årsverk.  I alt omfattar granskinga 857 bruk frå heile landet, 170 bruk er frå vestlandsfylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Vil du lese meir om driftsgranskingane kan du gå inn på NILF sine sider.