- Eg har med meg ein triveleg og stødig gjeng med jordnære karar i styret så vi tek ikkje av, men vi prøvar å jobbe på det jamne og utføre oppdrag frå fylkeslaget og Norges Bondelag på beste vis.    Samstundes engasjerer vi oss i saker som opptek medlemene.  Nett no er vi uroa for om det vil bli ei tilfredsstillande ordning for henting av landbruksplast til våren.   - Vi er kjende meg at tenden har liggande 300 tonn med landbruksplast på lager, og da er ikkje bra.  Grønt Punkt må verkeleg ta tak i denne saka, for vi kan ikkje ha ein situasjon der bøndene betalar avgift på plasten for å sikre leveranse til retur, og så fungerer ikkje den ordninga, seier Dolen Nesje bestemt.

På årsmøtet vart det via ekstra fokus på Alva Samdrift som har investert i ny fjøs i Erdalen.  Dei orienterte om drifta og fekk merksemd frå lokallaget.  - Da er heilt flott at bøndene i bygda satsar for framtida avsluttar ein nøgd leiar.

Styret i Oppstryn Bondelag.  I midten står leiar Mathilde Dolen Nesje og nestleiar Hans Olav Nesheim flankert av resten av styret. F.v. Per Ivar Skåre, Kjetil Rune Tunold, leiarduoen, Rolf Olav Gjørven og Åmund Berge.