NYSNØ: Snøen som kjem gjer det lettare å finne spor og sporteikn etter rovdyr. 

 

No som det er snø på bakken kan ein sjå spor og sporteikn etter rovdyr.  Dersom ein observerer spor, kan ein ta kontakt med rovdyrkontaktane i SNO. 

 

Les meir om spor og sporteikn etter ulv her. 

Les om spor og sporteikn etter jerv her. 

 

Lisensjakt på jerv og ulv

Rovviltnemnda har vedteke at åtte jervar kan fellast under årets lisensjakt i region 1, i tillegg til tre ulvar.

Lisensjakta gjeld for heile Sogn og Fjordane. Jakttida for jerv er frå 10. september 2018 til 15. februar 2019. For ulv er jakttida frå 1. oktober 2018 til 31. mars 2019.

Det er eit mål å auke talet på jervar som blir felte under lisensjakta slik at behovet for ekstraordinært uttak vert mindre. Lisensjegerar kan vende seg til Jegerregisteret for å få lisens på jerv og ulv. Jervejakta og ulvejakta krev i tillegg løyve frå grunneigar.

Jegerar som skal på jerve- eller ulvejakt pliktar å halde seg oppdatert om den attverande kvoten på telefon (automatisk telefonsvarar) 51 56 89 00. Den som feller jerv eller ulv, eller løyser skot mot jerv eller ulv, skal også straks melde frå til Fylkesmannen på tlf. 48 14 30 95 og Statens naturoppsyn på tlf. 48 09 43 64.

 

Teksten under lisensjakt er henta frå Fylkesmannen sine nettsider.