- Eg må ta utgangspunkt i dei regjeringsplattformen og partiprogramma, og då er det ikkje til å legge skjul på at eg er noko uroa for kva politikk den påtroppande regjeringa vil føre, seier ein svært spent Hilleren.  Det beste eg kan håpe på, er at regjeringa tek sine eigne ord om at avgjerder skal takast med kunnskap om konsekvensar på alvor.  - Eg er svært spent på kva bakgrunn og kunnskap om norsk landbrukspolitikk den komande landbruksministeren har, held Hilleren fram. 

- For oss i næringa er det viktig at dette vert ein person som tek næringa og norsk matproduksjon på alvor.  Ein person som ynskjer å skaffe seg stadig meir kunnskap og som evnar å justere kursen dersom kunnskapen syner at verkemiddelbruken gjev ei utvikling i norsk matproduksjon og i norske bygder som ikkje er ein rik nasjon verdig, avsluttar Hilleren.