Det vert sett i gong eit treårig prosjekt med hovudmål å mobilisere til auka produksjon av særleg eple og jordbær der marknadsmoglegheitene er store.  Også andre sortar med marknadspotensiale kan gå inn i satsinga.  Landbruksselskapet står som eigar av prosjektet og Njøs Næringsutvikling vert arbeidsgjevar for prosjektleiar Sigurd Molvik. Sogn og Fjordane Fylkeskommune medverkar også økonomisk saman med Sparebanken Sogn og Fjordane.

Framme til venstre fylkesleiar Anders Felde, Prosjektleiar Sigurd Molvik, dagleg leiar ved Njøs Næringsutvikling Stein Harald Hjeltnes og Ragnhild Helgheim frå Sparebanken Sogn og Fjordane.

- Sigurd Molvik er tilsett som prosjektleiar.  Han er allereie starta på jobben, så om du ynskjer å vurdere moglegheitene dine for produksjon av frukt og bær er det berre å ta kontakt med han.  Telefon: 915 61 213.   E-post: sigurd.molvik@njos.no

Her finn du presentasjonen frå AgroNordVest der startskotet for prosjektet gjekk

Artikkel på NRK Sogn og Fjordane sine sider

Artikkel i avisa Firda