Han og 4 andre bønder i Hafslo samarbeider om ei sommarsamdrift.     Kyrne går på beite heile døgnet og er berre inne til mjølking.   Fylkesleiar Anders Felde, Stortingsrepresentant Torstein Knag Fylkesnes frå SV og fylkesleiar i SV Vibeke Johnsen fekk sjå eit flott kulturlandskap høgt over Hafslovatnet med utsikt til Lustrafjorden då dei vitja fellesbeitet i midten av juni.  

Frå venstre: Olav Harald Alme (Småbrukarlaget), Vibeke Johnsen (SV), Claus R. Moe, Anders Felde og Torgeir Knag Fylkesnes (SV)

Samdrifta har tilsette røktarar, slik at bøndene sjølve får betre tid til å arbeide med innhausting, vask og vedlikehald på garden medan kyrne nyt ferien på fellesbeitet.  Samarbeidet opnar også opp for at familiene som deltek kan ta ferie med godt samvit og vite at mjølkekyrne har da godt.  Då fylkeslaget var på besøk gjekk det 92 kyr på beite frå 5 ulike bruk i bygda.  Arealet er fulldyrka og inngjerda.  Det er delt inn i 6 ulike skifte.  Etterkvart som kyrne vert sinlagde utover sommaren vert dei sendt på utmarksbeite høgare oppe i fjellet.  Dei fleste kyrne kalvar i tida fram til jul.

Det er eit paradoks at vi no har fått eit utsett lausdriftkrav til 2034, som likevel kan ha ein sånn karakter at fleire bønder vurderer å legge ned allereie frå 2024.  Dette fordi det i samband med utsetjinga av lausdriftkravet kom krav om fødebingar og luftekrav heile året for dyr som står på bås.  - Det kravet har både ei praktisk side og ei kostnadsmessig side som kan gjere at mindre og mellomstore bruk går ut av produksjon, hevdar Moe.

Kyr som beitar på eitt av dei 6 ulike skifta