RÅDGJEVAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Marita Skeie.

 

Hei alle!

Her kjem ei lita sommarhelsing før eg tek ein pause frå bondelagskontoret.

I år vert det ein litt annleis sommar for meg. Eg og sambuaren min gler oss veldig til å få vårt andre barn i juli. Dermed blir eg vekke frå bondelagskontoret det neste året.

Difor vil eg nytte høve til å ønskje alle medlemmer, tillitsvalde, bondevener og andre kontaktar ein retteleg god sommar!

Eg trur det blir ein annleis sommar for mange, og  eg håpar alle klarar å gjere det beste ut av det. Nyt den fine tida me er inne i,  gjerne med ein norskprodusert smak av sommar. 

 

EIN SMAK AV SOMMAR: Dei norske jordbæra.

 

Hanne Lisbeth Nybø, som alt har vore vikar ved kontoret eit års tid vert min vikar.

Eg ynskjer dykk alt godt og ein fantastisk fin sommar.

 

 

Beste helsing

Marita Skeie