I Høyanger kan lokallagsleiar Yngve Fardal melde om at dei fleste er ferdige med våronna. No ventar dei på at snøen skal gje seg og at godvêiret og varmen skal kome. Då skal ungdyr og kalvar få sleppe ut av fjøsen. Tida er òg inne for vårinnsamling av plast. 

Garden til Yngve Fardal på Førde i Bjordal (Foto: Yngve Fardal)

Yngve kan melde om at graset står i stampe, men da kjem vel (Foto: Yngve Fardal)

 

Kalvane håpar på varme så dei får komme ut (Foto: Yngve Fardal)

Indre delar av fylket kan melde om ein noko spesiell vår, med kaldt vær men heldigvis lite nedbør. Leiaren i Årdal Bondelag og forøvrig nestleiar i Fylkesstyret, Ole Bjarne Hovland, fortel at nedbør i tillegg til kulde er fryktelig dårlig kombo for smålamma når dei må forlate den varme og lune driftsbygningen. Gradestokken er no komen over 10 grader og det byrjar å minner om den våren dei pleier å ha i mai. Graset veks og dei siste sauene skal få sleppe ut denne veka. Vel 60 søyer pluss lam er framleis inne, men straks på veg ut. 

Kun 2 mm nedbør på 14 dagar er litt lite, og utan regn so vert de turre bøar etterkvart. Sauene må nok vere lengre på heimebeite enn vanleg denne våren. På fjellet har de kome påfyll med snø, og med dei store snømengdene som er målt tek de lang tid før de vert grønt over skogavakset. Om mildværet slår til for fullt er det stor fare for flaum. Flaumen har fleire bygder fått føle siste åra og det håpar Ola Bjarne at vi slepp i år. 

Sauane og lamba nyter grønt gras og litt sol på Hovland gard (Foto: Ole Bjarne Hovland)

 

Föring av sau som har vore ute om dagen, men er inne i løgarden om natta. Dette gjeld omlag 40 vaksne med lam. (Foto: Ole Bjarne Hovland)

Kveldsjaget på Hovland (Foto: Ole Bjarne Hovland)

Frukttrea blømer og dyra kosar seg på beite. Snøen ligg framleis i fjella kring garden. (Foto: Ole Bjarne Hovland)

Hjå leiaren i Eid Bondelag, Knut Tore Nes Hjelle går alt så mykje betre no. Etter ei trasig og krevjande veke med snø kvar dag frå 10.-17.mai gjorde det godt med litt finare vêr. Sauane som vart slept på beite måtte inn igjen forrige veke. No er det gløymt og jobben med å få alle ut på beite er i full gang. 

Endeleg kom det litt sol og varme slik at sauane kunne sleppe ut igjen (Foto: Knut Tore Nes Hjelle)

Ei lita pause med mjølk i frå søyemor i eit vakkert landskap (Foto: Knut Tore Nes Hjelle)

I Oppstyrn kunne leiaren i lokallaget Mathilde Dolen Nesje fortelje at dei fleste er i rute med våronna. Møka kom ut før snøen kom på ein liten visitt igjen førre veke. No ventar ho ilag med dei fleste andre på sol og varme slik at graset får gro og bæra kan modne. 

Grøne bøar i flott kontrast mot snøkledde fjell i Oppstryn (Foto: Mathilde Dolen Nesje)

GOD HELG!