Søknadsomgong Regionalt Miljøprogram
I dag kan du søke om midlar frå det Regionale Miljøprogrammet i Vestland. Siste frist for å søkje er 15. oktober, men det er alltid lurt å ikkje vente til siste dagen.
Dei regionale miljøtilskota er hovudverkemiddelet i regionalt miljøprogram, og informasjon om desse tilskota finn du samla på temasida til Fylkesmannen si Landbruksavdeling. Temasida er oppdatert for søknadsomgangen 2020.
Omtale av tilskotsordningane og nyhende er presentert under. Søknadsportalen opnar 15. september, og søknadsfristen er 15. oktober. For beitelag gjeld eigen søknadsfrist; 15. november.
Omtale av regionale miljøtilskot for Vestland:
- Drift av bratt areal
- Drift av beitelag
- Slått av verdifulle jordbruksareal (gjeld slått av dyrka mark utan vegforbinding)
- Slått av slåttemark (gjeld slått av slåttemark og lauveng registrert i Naturbase)
- Beiting av kystlynghei (gjeld vinterbeiting av kystlynghei registrert i Naturbase)
- Brenning av kystlynghei (gjeld brenning av kystlynghei som vert vinterbeita og som er registrert i Naturbase)
- Skjøtsel av truga naturtypar (gjeld beiting av naturbeitemark og hagemark registrert i Naturbase)
- Skjøtsel av styvingstre (gjeld styvingstre styva i søknadsåret)
- Tilskot til tilrettelegging av hekke- og beiteområde for fugl (gjeld vipe, åkerrikse og storspove)
- Drift av seter (gjeld drift av støl med mjølkeproduksjon)
- Skjøtsel av automatisk freda kulturminne
- Kantsone i eng (gjeld berre nær prioriterte vassdrag)
- Spreiing av husdyrgjødsel om våren og/eller i vekstsesongen (gjeld berre nær prioriterte vassdrag)
- Spreiing av husdyrgjødsel ved nedfelling eller nedlegging
- Spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslange (gjeld berre i samband med nedfelling eller nedlegging)
- Tilskot til soner for pollinerande insekt (gjeld berre for Lærdal kommune)