På heile 2000-talet har Sogn og Fjordane hatt den størtse bringebærproduksjonen i landet, og produksjonen har hatt ein god auke dei siste åra. Frå 2011, som var eit dårleg bærår, er det ein auke frå 1072 tonn til 1475 tonn i 2015. I prosent utgjer dette 38 prosent. 

Bærproduksjonen går føre seg i Indre Sogn og Nordfjord. I 2015 var det i alt 141 bringebærdyrkarar i fylket. Vik kommune er den største produksjonskommunen med 478 tonn, dernest Stryn med 328 tonn og Luster kommune med 310 tonn. 

Framover er det venta forsatt vekst i denne produksjonen. Årsaka er mellom anna innføring av dyrkingstunellar. Dette gjev betre kontroll i alle stadia av produksjonen, ein unngår vanskar med for mykje nedbør, og oppnår generelt betre dyrkingsklima. I tillegg vert det utvikla nye og betre sortar som snart er klar til dyrking. 

 

Heile saka finn du her.