LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde.

 

- Vi meiner det er viktige prinsipielle grunnar til å støtte pelsdyrbøndene i denne saka, og styret i Sogn og Fjordane Bondelag har vedteke ei støtte på 10 000 kroner til den komande rettsaka.

Det fortel Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag. Fem pelsdyreigarar saksøker Staten for brot på Grunnlova, etter at Venstre fekk gjennomslag for å fjerne næringa.

 - Det å innføre næringsforbod i ei næring som er lovleg internasjonalt er eit alvorleg inngrep i næringsfridomen i Norge, seier fylkesleiaren.

Han fortel at ei avvikling kan få negative økonomiske konsekvensar for næringsdrivande. 

- Mange pelsdyroppdrettarar har store lån knytt til investeringar i pelsdyrgardane sine. Det er ikkje alle stader det er like gode moglegheiter til omstilling,  seier Felde. 

 

Kjenner seg lurt

- I 2017 vart det gjort eit vedtak i Stortinget. Vedtaket slo fast at Stortinget ønska ei berekraftig utvikling av pelsdyrnæringa, fortel Felde.

Fylkesleiaren fortel at vedtaket gav pelsdyrbøndene tru på ei framtid i næringa, og det difor kom som eit sjokk at Venstre fekk gjennomslag for å avvikle næringa innan 2025. 

- Vi meiner det er grunnlag for å drive næringa vidare, fortel Felde.