STYREMEDLEM I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Kari Sigrun Lysne. 

 

- Sjølvsagt er me opptekne av miljø, og at ting skal resirkulerast, fortel Kari Sigrun Lysne.

Lysne er styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag, og har mellom anna ansvaret for klima og miljø i fylkesstyret.

- Me har ei etablert plastinnsamling i landbruket. Plasten skal samlast inn og resirkulerast. Eg opplever at bøndene i fylket er relativt flinke, men neste veke legg me likevel inn eit ekstra gir for å bidra til den nasjoale ryddedugnaden til NRK.

No er Lysne klar for å gjere sitt.

- No skal det ryddast. For sjølv om bøndene er flinke, kan me alle bli betre.  

 

Finn søppel på bakkane sine kvart einaste år

NESTLEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Ole Ivar Åm Sognnes. 

 

- Eg finn søppel på bakkane kvart einaste år. Det gjere meg frustrert og oppgitt, seier Ole Ivar Åm Sognnes.  

Nestleiaren i Sogn og Fjordane Bondelag er bonde i Leirvik i Sogn. Han fortel at når ein brusboks, for eksempel hamnar i ein rundball, vert den kutta opp i små sylskarpe bitar. Deretter blandar bitane seg med grovfôret.

- Storfe kan døy, om dei et dei små bitane. Eg har heldigvis ikkje opplevd det endå, men eg har funne restar etter boksar på forbrettet.

Sognnes ber folk skjerpe seg, og håpar at folk sluttar å kaste boss. Sjølv er han klar for ryddedugnad.

-  I eit miljøperspektiv skal det ikkje flyte rundt med plast og søppel. No skal me ta vår del av ansvaret, og eg oppfordrar alle andre til å ta sin del også.