Frå venste: Janne Sundal Aardal, Kåre Aardal, Ragnvald Søgnesand og Hilde Søgnesand.

 

Prisen blei delt ut under AgroNordVest, landbruksnæringa i Sogn og Fjordane og Sunnmøre si samling på Hotel Alexandra i Loen fredag kveld.

I grunngjevinga frå juryen sto det mellom anna at prisvinnarane hadde velstelte gardar som bidrog til å halde kulturlandskapet i hevd. Vidare vart både god dyrevelferd og gode løysingar i drifta lagt merke til.

Juryen hadde gode kandidatar å velje mellom. Seks gardsbruk var med i kampen om tittelen årets matprodusent. Til slutt sto juryen att med to gardar som begge var verdige vinnarar. Dei delte årets pris som bestod av diplom og ein sjekk på kr.10 000.

Sogn og Fjordane Bondelag gratulerer.