Selje og Stadlandet Bondelag, Selje Sau og Geit, KystGeitlaget i Selje og Stadt sankelag arrangerer temakveld om bandtvang på hund Torsdagden 23. april klokka 19.30 på Furebuda Mathus AS

Mange plassar har det blitt konfrontasjon mellom lause hundar, og beitande dyr der utfallet har blitt drepne sauer/lam og i verste fall avliving av hunden.  Dette er ikkje haldbart for beitenæringa og ikkje bra for hundeeigaren.

Vi får besøk av Knut Broberg, fylkesinstruktør i aversjonsdressur i Sogn og Fjordane jeger- og fiskeforening der han kjem for å opplyse oss om gjeldande regelverk.  Thor Sæther, fungerande Lensmann i Selje og Vanylven, vil fortelje om kva politiet kan gjere i slike saker.  Kristian Nave frå Selje Kommune kjem med opplysningar om kva reglar som gjeld innan kommunegrena vår. Og om det kan opprettast lokale forskrifter som regulerer bandtvangen strengare.

Det vil mellom anna bli lagt grunnlag for å drøfte følgjande interessante og viktige spørsmål i møtet.

  • Kva kan gjerast for å tilrettelegge for å unngå konflikt mellom beitande dyr og hundar?
  • Kva rettar og plikter har bonden og hundeeigaren? Viss hunden din blir angrepet eller angrip beitande dyr i utmarka, kva skjer då?
  • Kva er rette måten å fange ein laushund? Viss eit dyr må avlivast, kan kven som helst gjere det?

 

_______________________________________________________________________________

Ved spørsmål: Vigdis Bakkebø 930 39 557