Matfestivalen "Smak av Sogn" set fokus på lokal mat, og er ein møtestad og kjelde til inspirasjon for produsentar. I år er festivalen kopla til Haustmarknaden i Lærdal, med eit mangfaldig tilbod av mat og aktivitetar. Under "Smak av Sogn" vert det tilbyde kurs i safting, sylting, hermetisering, brødbaking i steinomn med meir.  Kjendiskokk Harald Osa skal få fram det beste i dei lokale råvarene. Men kanskje du og vil bidra? Då kan du bake ei god eplekake, levere ho inn på laurdag og finne ut om det er den aller beste i Sogn. Etter kåringa vert det dekka eit eplekakebord der alle kan få smake.

Sjølv om handel og gode varer er viktig på marknaden, er det mykje meir ein kan få på kjøpet i form av kultur og aktivitet. Sjå heile programmet for haustmarknaden.

I Lærdal er det lange tradisjonar for marknad