Me startar med ein svipp innom Harald Ålen, leiar i Stongfjorden Bondelag. Den plutselege vinteren og snøen har lagt ein liten dempar på veksten sjølv ute på kysten, men no når varmen kjem vil det skje mykje fort. Dyra er byrja å kome ut på beite, men det har ikkje vore mykje press på den felles dyrevogna han og nabobøndene eig i lag so langt på våren.

Har du eit tips for pinsa, spør me. - Slapp av og nyt finveret dersom du ikkje har noko som hastar. Greitt å ha ei langhelg å lade opp til slåtten byrjar, seier Ålen.

Nokre av kyrene til Harald Ålen som er godt nøgde med å vere ute på beite.

Kosestund for store og små på beite.

I Stryn, hjå Bjørn Magnus Rørtveit har det vore ein travel vår med våronna og eit stort grøfteprosjekt. For tida går det i køyring av stein for å fylle på terrenget, planere og lage til ny bø. Samtidig har det gått i ferdigstilling av det nye huset han og sambuaren flytta inn i november. Som rekneskapsførar har det òg vore ein travel vår, sjølv om det har vore heimekontor og mindre kontakt med kundane.

For pinsa ser Rørtveit fram til ei roleg helg heime, ispedd ein del arbeid.

Steingrøfta til Bjørn Magnus Rørtveit på Dispa i Stryn.

Endeleg kjem det varme til graset i Stryn. Dispaholmen i bakgrunnen.

Me bevegar oss vidare i fylket, og kjem til Njål K. Golf i Lærdal Bondelag. i Lærdal er lamminga over og sauene kome ut på beite. men med snødekte fjell er dei byrja å bli spente på kva tid dei får sendt sauene til fjells i år. I fjor var dei allereie på god veg til fjells, men dei lyt fint halde seg heime ei stund til. All snøen i fjella medfører òg ein viss flaumfare. Kommunen har vore ute og reinska sideelvane og ein har gjort sitt for å vere klar for ein eventuell flaum. Elles held Golf på med klargjering til årets fiskesesong som går i gang 1.juni. - I år blir det ingen utlendingar som står med fiskestengene i elva, men vi har ein del faste nordmenn som kjem samt nokre nye nordmenn som kjem i år.

Pinsetipset til Golf blir sjølvsagt å gjere seg klar for fiskesesongen. :)

Njål K. Golf gjer klart for fiskestart 1.juni. Om ikkje fisken skulle bite så har fiskarane vertfall ei flott utsikt dei kan nyte.

Epletrea blomstrar på Hauge i Lærdal.

Kyrene til Jens Reidar Ljøsne nyt sola ute på vårbeite.

Neste stopp på denne rundturen er hjå Stein Kåre Karstensen som er leiar i Davik/Ålfoten Bondelag. Her er det full fart og dei er i gang med graving for nytt fjøsbygg. Bygget på 1000 m2 ligg nærare beite enn dagens bygg og skal syte for lausdrift med robot, ei enklare drift og meir fleksibilitet for familien. Målet var å vere ferdig i haust, men grunna korona er prosjektet litt forseinka.

Pinsetipset frå Karstensen er å ta klauvstell i finveret. - Her vert det klauvskjering i finveret, og muligens ein påtvungen fjelltur viss eg ikkje finn på noko anna å gjere, ler Karstensen. I tillegg skal han stå på butikken og selje 4H-lodd saman med 3 av ungane som er medlem i 4H klubben. Så her er det berre å reise på butikken og kjøpe lodd!

Grunnarbeid for ny fjøs er godt i gang

Poteter i lange baner

Siste stopp i denne vekas lokallagsrunde er hjå Noregs vestlegaste bondelag, nemleg Solund Bondelag ved leiar Anne Marie Gåsvær Færøy. Her òg har det vore ein sein vår i år. Sauene hennar går ute mesteparten av året, og er no nyklipte og fine etter overstått lamming. Færøy har sauene sine gåande ute på øyane i Solund, og i dag vart nokre av dei frakta med båt til der dei skal vere i sommar. - Det går som regel veldig greitt, eg lokkar dei med mjøl og då går ein del av dei rett i båten av seg sjølve, seier Færøy. Det er ikkje plass til heile flokken på ei øy, på den største er det plass til ca 20 dyr.

Det er ein del havørn i området, og i dag fekk Færøy seg ei noko unik oppleving då ho gjekk i land med sauene på den eine øya. Dette er eit sjøfuglreservat, men Færøy har tillating til å bruke øya til sauebeite og å gå i land for å sjå til dyra. I år har eit havørnpar laga seg reir her, og i reiret låg det ein ørnunge og såg nysgjerrig på ho då ho kom gåande. - Det er mykje havørn her ute men det har ikkje vore noko problem i forhold til sauene, seier Færøy.

Kva er ditt pinsetips, spør me. - Det må vere å nyte det fine veret for dei som har anledning til det, avsluttar Færøy.

Klare for sommarbeite. Fraktinga med båt er vêravhengig då det må vere nokolunde stille og roleg sjø.

Ikkje ofte ein ser sauer beite rett ved eit ørnereir... Sauene fulgte etter Færøy då ho skulle sjå til reiret, men det ser ut til at dei er meir interessert i grønt gras enn havørnungen.

Havørnungen som ventar på at foreldra skal komme tilbake. I reiret kunne Færøy sjå restar etter ei grågås.

Og med det vil vi ynskje alle ei riktig så fin pinsehelg!