- Vi ser at koronapandemien medfører mykje uvisse og spørsmål knytt til om ein får hausta avlinga som normalt. Vi ynskjer difor å ha eit felles møte for å diskutere dei ulike problemstillingane samt dele informasjon og kunnskap, seier fylkesleiar Anders Felde.

Alle bærprodusentar i Sogn og Nordfjord har fått invitasjon til å bli med på Skype-møte. For å gjere det mogleg for flest mogleg å melde seg på utan at det skapar tekniske problem, blir det arrangert to møter – eit for region Sogn og eit for region Nordfjord:

  • Onsdag 22.april kl 19.00: Sogn
  • Torsdag 23.april kl 19.00: Nordfjord

Tema for møtet vert arbeidskraft (utanlandsk/norsk), arbeid i karanteneperioden, innkvartering, smitterisiko, bonden sitt ansvar ved sjukdom, økonomiske kriseløysingar og marknad.

Anders Felde leiar møtet og har med seg Astrid Solberg, organisasjonssjef i Norges Bondelag, advokat Jan Bangen frå Rekneskap og Juridisk Service hjå Norges Bondelag, samt Thor Johannes Rogneby som er leiar for grøntutvalet i Norges Bondelag.

Kom gjerne med innspel på førehand på e-post til hanne.lisbeth.nybo@bondelaget.no. Det vert òg mogleg å komme med spørsmål og innspel undervegs i møtet.

Alle som melder seg på får ei lenkje for å kople seg på møtet via telefon eller Skype. Her vil de få med ei rettleiing på korleis de går fram for å gjere dette. Det vil òg bli mogleg å teste pålogginga på føremiddagen før møtet.

Påmelding HER
Påmeldingsfrist måndag 20.april, informasjon vil bli sendt ut til dei påmelde tysdag 21.april.

Vel møtt!