Skulebesøk hjå Sogn Jord- og Hagebruksskule

Publisert 07.10.2019
  • Tips en venn om denne siden

Torsdag 3.oktober tok vg3 elevane ved Sogn Jord- og Hagebruksskule i mot 8.klasseelevane ved Lærdalsøyri Barne- og ungdomsskule og Aurland Barne- og ungdomsskule.

Torsdag 3.oktober, ein frisk haustmorgon, møtte elevane frå 8.klasse ved Lærdalsøyri barne- og ungdomsskule og Aurland barne- og ungdomsskule opp ved bålpanna hjå Sogn Jord- og Hagebruksskule. Vg3-elevane som tek faget "næringsdrift - foredling som næring" hadde laga opplegget for dagen, og 8.klassingane vart delt inn i 4 grupper og rullerte på 4 ulike postar. Fokuset for dagen var økologisk husdyrhald og grønsaksproduksjon, samt å lage enkle rettar med råvarer frå skulegarden.

Godt å varme seg på bålet denne haustmorgonen

Ca 40 elevar frå ungdomsskulane med lærarar og elevar frå Vg3.

På matgruppa var det blant anna steikt hokkaido graskar og steikt kål som stod på menyen.

...samt gulerøtter med dip laga av urter frå urtehagen.

Tavla vart flytta ut i naturen, og 8.klassingane fekk lære om økologisk landbruk frå elevane ved skulen.

Purreåkeren klar for hausting.

Elevane fekk i oppgåve å setje saman frø og grønsak...

...og laga sin eigen chips på bålet.

I urtehagen fekk 8.klassingane lære om dei ulike urtene, eigenskapar og setje saman sin eigen te-kombinasjon.

Sogn Jord- og hagebruksskule vart etablert i 1917, og har i år 54 elevar i alle aldrar ved skulen, noko som er rekord for skulen. Elevane er fordelt på dei som går ordinært løp og dei som tar utdanninga samlingsbasert.

Luke 5

Luke 5

No kan du sjå kva som gøymer seg bak luke fem i julekalenderen vår.

Luke 4

Luke 4

No kan du opne luke 4 i julekalenderen vår.

Anders Felde og Børre Tystad saman med 6 Stortingsrepresentantar frå Høgre og representant for Gloppen Høgre.

Vi må ikkje gå i fella og skape overproduksjon

- Det vil vere dramatisk om vi får mange år med for mykje plommer, bringebær og eple i den norske marknaden, sa epleprodusent Børre Tystad då han sist veke fekk besøk av 6 av Høgre sine Stortingsrepresentantar på heimgarden sin i Gloppen.

Luke 3

Luke 3

Bak den tredje luka i julekalenderen vår finn du fylkesleiar i Hordaland Bondelag Peder Nernæs.

No kan du opne den andre luka i julekalenderen vår.

Luke 2

No kan du opne den andre luka i julekalenderen vår.

No kan du opne første luka i julekalenderen vår.

Luke 1

No kan du opne første luka i julekalenderen vår.

Julekalender frå Sogn og Fjordane Bondelag

Julekalender frå Sogn og Fjordane Bondelag

Tradisjon tru har Sogn og Fjordane Bondelag laga julekalender, og me gler oss til å vise den fram gjennom førjulstida. Her er ein liten smakebit på kva som ventar i desember.

Regjeringa lar uretten stå

–Det økte erstatningsbeløpet per mink betyr fremdeles ikke full erstatning for alle pelsdyrbøndene som mister livsgrunnlaget sitt, sier Bondelagsleder Lars Petter Bartnes.

Årsmøte i Davik/Ålfoten Bondelag

Vellukka årsmøte på Dampen

Davik/Ålfoten Bondelag har hatt årsmøte, og på programmet sto tema som studiering, medlemstreff, nedskalering av mjølk og satsing på sau.

Dette skjer i Sogn og Fjordane Bondelag

Torsdag
05
mars

Fylkesårsmøte 2020

Thon Hotel Jølster - Skei

Våre samarbeidspartnere