Torsdag 3.oktober, ein frisk haustmorgon, møtte elevane frå 8.klasse ved Lærdalsøyri barne- og ungdomsskule og Aurland barne- og ungdomsskule opp ved bålpanna hjå Sogn Jord- og Hagebruksskule. Vg3-elevane som tek faget "næringsdrift - foredling som næring" hadde laga opplegget for dagen, og 8.klassingane vart delt inn i 4 grupper og rullerte på 4 ulike postar. Fokuset for dagen var økologisk husdyrhald og grønsaksproduksjon, samt å lage enkle rettar med råvarer frå skulegarden.

Godt å varme seg på bålet denne haustmorgonen

Ca 40 elevar frå ungdomsskulane med lærarar og elevar frå Vg3.

På matgruppa var det blant anna steikt hokkaido graskar og steikt kål som stod på menyen.

...samt gulerøtter med dip laga av urter frå urtehagen.

Tavla vart flytta ut i naturen, og 8.klassingane fekk lære om økologisk landbruk frå elevane ved skulen.

Purreåkeren klar for hausting.

Elevane fekk i oppgåve å setje saman frø og grønsak...

...og laga sin eigen chips på bålet.

I urtehagen fekk 8.klassingane lære om dei ulike urtene, eigenskapar og setje saman sin eigen te-kombinasjon.

Sogn Jord- og hagebruksskule vart etablert i 1917, og har i år 54 elevar i alle aldrar ved skulen, noko som er rekord for skulen. Elevane er fordelt på dei som går ordinært løp og dei som tar utdanninga samlingsbasert.