Topografi og nedbør gjer Vestland svært utsett for flaum og ras.  Mange hendingar dei siste åra syner kor sårbare vi er, held Felde fram.  No har vi ein situasjon der vi har store etterslep på sikring av busetnad og næringsareal.  Med regjeringa sitt framlegg til budsjett for 2020 vil dette etterslepet auke endå meir.  - Det kan verke som regjeringa ikkje har teke klimaendringane inn over seg.  Klimaendringane er komne og dei set liv og næringsareal i fare gjennom dramatiske hendingar.   

Frå 2018 til 2019 fekk NVE auka løyvingar til Skred og førebygging.  I budsjettet for 2020 vert 37 millionar flytta frå førebygging til krisehandtering.  Noko som syner at klimaendringane er her, men regjeringa manglar vilje til å førebygge dei.  Det er bra at det vert synleggjort eit beløp for krisehandtering, men dei 45 millionane som er sett av er ikkje tilstrekkeleg. 

- Det må kome eit løft - da vert ikkje meir pengar av å flytte løyvingane mellom budsjettpostar utan å kome med ein reell auke, seier ein tydeleg Felde.     DA hastar med å sikre bygningar og areal.   Totalramma til NVE er auka med 34.6 millionar frå 2019 til 2020.  Berre driftskostnadene er budsjettert med å auke med 29 millionar.  Det betyr at auken knytt til tiltak  berre utgjer 5,6 millionar.   - Eg fryktar både for busetnad og næringsareal i bygder på Vestlandet, om ikkje førebygging av skader får ein mykje høgare prioritet enn det som dagens regjering leverer i dette budsjettet.  Verdien av TRYGGLEIK kan ikkje overvurderast.

Bilete: Hendinga 30. juli 2019 i Jølster syner kor viktig førebygging er. Elva vart førebygd i 2017 ,og difor unngjekk ein større skade på hus og busetnad.  No vert førebygginga repraret og forsterka som grunnlag for å skape tryggleik hos dei som bur der.  Det har første prioritet, men dette handlar også om å kunne sikre matproduserande areal og næringsareal i ein vanskeleg topografi med aukane nedbør.

Her kan du lese meir om NVE sitt arbeid med sikrining mot flaum og skred