Det er ein skremd fylkesleiar som les dagens artikkel i AftenpostenEg er skuffa og skremd over både haldningane som kjem fram til norsk landbruk og dei konsekvensane dette vil få for næringa og for den store næringsmiddelindustrien som vi har i fylket, held Hilleren fram.    

 - Meir statleg styring av marknaden er normalt ikkje Høgrepolitikk , men det ser ut til at Høgre meiner det er naudsynt for å erstatte dagens system som  er internasjonalt kjent for å vere både effektivt og rimeleg for forbrukarane. - Dei vil redusere grensevernet slik at lønsemda vil forsvinne for heile landbruket, og for den store næringsmiddelindustrien vi har.   Uansett kor eg snur og vender på det så vil redusert tollvern gje reduserte moglegheiter for å kunne ta ut pris i marknaden med tilhøyrande redusert lønsemd for den som skal produsere maten.  Korleis H og Frp får dette til å bli ein inntektsmoglegheit forstår eg ikkje !!  I tillegg vil dei svekke jordvernet og ta ned dei ordningar som gjer det mogleg å drive landbruk i meir marginale område slik som i vårt fylke.

-  Eg kan umiddelbart slå fast at dette ikkje vil gje grunnlag for noko auka matproduksjon, tvert imot seier ein tydeleg fylkesleiar.   Dersom dette viser Høgre sitt sanne ansikt bør mange av deira sympatisørar innsjå at dei er komne feil.   Eller i alle fall mobilisere for at dei haldningane vi kjenner frå Høgrefolk i frå vårt fylke vil få gjennomslag i valprogrammet når det vert handsama i partiet.

Her kan du lese heile artikkelen som står i Aftenposten