Skattekurs på Skei

Publisert 11.11.2019
  • Tips en venn om denne siden

5. og 6.november var over 80 deltakarar frå samarbeidande rekneskapskontor samla på Thon Hotel Jølster for skattekurs.

Kvart år blir det arrangert skattekurs for tilsette ved samarbeidande rekneskapskontor. I år vart kurset arrangert på Thon Hotel Jølster, og kurshaldarane var Mari Cecilie Gjølstad og Pål Kristian Ormstad. Kursdeltakarane kom i hovudsak frå Sogn og Fjordane, men òg frå Møre og Romsdal og Hordaland.

Emna som vart gått gjennom var endringar i skatte- og avgiftslovene for 2019, jordbruksinntekt og anna næringsverksemd, GRFS, uføretrygd, leasing, tidfesting, bokføringsregelverket og Statsbudsjettet 2020.

Djupt konsentrert forsamling

Case-løysing med fargekodar

Godt å få strekke på beina og komme seg ut i sola mellom slaga.

Tysdag kveld var det duka for middag for deltakarane som budde på hotellet, og til underhalding kom distriktsmusikar Ole Nilssen med trekkspelet sitt. 26-åringen frå Løten vart kåra til "Årets unge folkemusikar 2018" og bur i dag på Skei og jobbar med musikk og folkedans til dagen. Nilssen fortalte historier mellom stykka, og hausta både latter og applaus frå tilhøyrarane.

Ole Nilssen i fint driv.

Kursleiarane Mari Cecilie Gjølstad og Pål Kristian Ormstad var godt nøgde med dagane på Skei.

- Eg ser lyst på beitesesongen

- Eg ser lyst på beitesesongen

Landbruks- og matdepartementet har fastsatt reglar som gjer det mogeleg å bruke ulike typar salt til beitedyra i Nordfjella.

Her underviser Gert Runar elevane

Her underviser Gert Runar elevane

Gert Rune Rørvik underviser på Mo og Øyrane vidaregåande skule, avdeling Mo. For tida har han nettundervisning for elevane grunna koronaviruset. Heimekontoret deler han med borna sine.

- Me har sett i gang tiltak

Aukar beredskapen

Koronaviruset gjer at landbrukstenester Sogn SA har auka beredskapen.

- Me jobbar for å finne løysingar

- Me jobbar for å finne løysingar

For å bremse spreiinga av koromaviruset, har fleire land innført restriksjonar på reiser. Dette kan ha stor innverknad på produksjonen i landbruket, som har mange arbeidstakarar frå utlandet.

Nettundervisning

- Det er ein spesiell situasjon

Sigbjørn Norddal er elev på Mo og Øyrane vidaregåande skule, avdeling Mo. For tida har elevane nettundervisning grunna koronaviruset.

Det er mange utenlandske arbeidstakere i grøntproduksjonen.

Utenlandske arbeidstakere og koronaviruset

For å bremse spredningen av koronaviruset, innfører flere land nå restriksjoner på reiser. Dette kan ha stor innvirkning på produksjonen i landbruket, som har mange utenlandske arbeidere.

Spørsmål og svar om koronaviruset

Her har vi samlet relevant informasjon om landbruket og koronaviruset på ett sted så det skal bli lettere for deg å finne fram. Siden oppdateres fortløpende.

Våre samarbeidspartnere