Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Per Hilleren håpar Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel kan vere ein bondeven i Høgre i dei dragkampane som skal skje framover om det endelege innhaldet i Høgre sitt partiprogram.

- Eg opplevde Lødemel som ærleg på at Høgre ynskjer ein ny landbrukspolitikk og at den slik den ligg føre vil medføre kutt i dei direkte tilskota og ein reversering av grensevernet, men at omlegginga skal skje over tid, seier Hilleren.  Men eg har store problem med å forstå korleis dette i sum kan gje bonden ein større del av verdiskapinga seier Hilleren. 

Lødemel sa på møtet i Fjærland at det er eit mål at bonden skulle sitje at med meir av verdiskapinga, og at ein skal forsterke ordningar som går på produksjon av mat.   Samstundes kan vi lese i framlegget til program framfor Stortingsvalet at høgre vil auke opp dei produksjonsuavhengige støtteordningane.   Det er her det skurrar mykje for meg!!  - Korleis kan bonden sitje att med ei større inntekt når verknadene av eit redusert tollvern høgst truleg vil verte redusert pris for den maten bonden skal selje i marknaden, auka import og ein redusert marknad for norske produkt??  Samstundes vil Høgre kutte i dei direkte tilskota som også er svært viktige for bonden si inntekt.   - Eg får da ikkje til å gå i hop seier ein tydeleg Hilleren, som gjerne vil halde fram dialogen med Lødemel.  - For oss i næringa er det viktig å ha Stortingspolitikarar som kan landbruk og som er busette i området der det vert drive aktivt landbruk, slik Lødemel gjer.   Dialog og kunnskapsbygging må vere hovudprioriteringane framover avsluttar fylkesleiaren i Sogn og Fjordane Bondelag.