Skape betre løysingar med redusert klimaavtrykk
- Det viktigaste er å gjere grep som kan styrke medlemene sin økonomi på kort og lang sikt sa konsernsjef John Arne Ulvan på AgroNordVest i Loen
Klima og miljø var omtalt tema i alle dei 4 toppleiarane i landbrukssamvirket sine innlegg i Loen. Også for Felleskjøpet er det viktig å vere med å utvikle betre løysingar som reduserer klimaavtrykket. Tempo i nyskapinga må aukast, og det må vere råd til å feile med noko for å kunne lukkast med andre nyvinningar, poengterte Ulvan.
Å utvikle fortypar som reduserer metanutslepp frå storfe, plussbidragsfjøs og nullutsleppsfjøs er stikkord for noko av det som Felleskjøpet arbeider med.
Her finn du heile føredraget til Ulvan