LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde. 


- Regjeringserklæringa slår fast at me skal ha eitt godt fungerande tollvern. Ho slår også fast at konsesjonsregelverket ligg fast, og at bu og driveplikta skal ikkje endrast på. Dette er avgjerande for framtida til distriktsjordbruket.

Det fortel Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag. 

 

Produksjonsfordeling og investeringsverkemidel   

- Regjeringserklæringa slår også fast at produksjonsfordelinga med gras og kjøtproduksjon i våre områder, og korn og grønt i kornområda, skal forsterkast. Dette gir håp om at ein forsterkar verkemiddela knytt til alle typar gardsbruk også på Vestlandet.


Felde er også oppteken av investeringsverkemidla. 


- Dei seier litt om  investeringsverkemidla, og at nybygging og teknologi skal vidareutviklast. Det er eit godt utgangspunkt for landbruket på vestlandet.

 

Eit større atterhald enn ønskeleg 

- Slik vi vurderer inntektsmålet, skal gapet mot andre grupper tettast, men dei tek atterhald om ein marknad i balanse og at effektivitetsframgangen skal halde fram. Det er eit større atterhald enn det vi skulle ønske. 


Felde meiner også at formuleringane kring inntektsmåla ikkje er gode nok. 


- For landbruket blir det særs viktig å følgje regjeringa sitt arbeid tett, spesielt no når det er ei fleirtalsregjering som ikkje er avhengig av resten av Stortinget. Vi registrerer at regjeringserklæringa ikkje reverserer nedlegginga av pelsdyrnæringa, og dei reverserer heller ikkje lovforslaget med forbod mot nydyrking av myr. Dette er skuffande avsluttar Anders Felde.