PÅ TALARSTOLEN: Olav Høyheim Einan. 

 

- Sogn og Fjordane, enorme, næringsrike, reine utmarksressursar som ikkje kan nyttast til menneskemat anna enn gjennom ein dyremage. Jordbruket med mange små lappar, nokre stader litt grønsaker,bær og frukt, men dei flaste stader kun egna for gras. Dyrehald og utnytte beita i utmark er livsgrunnlaget for gardane og dei som lev av jordbruket her.

Det sa Olav Høyheim Einan frå talarstolen. Han er saubeonde i Sogn, og seier han er heldig som bur i beiteprioritert sone. Det  betyr eit område som skal vera fri for ynglande rovdyr. 

- Men når drektige jervetisper får avkomma sine tett til fylkesgrensa seier det seg sjølv at rovdyra har kort veg til våre områder. Ofte med katastrofale utfall for beitedyr , og store påkjenningar for dei som driv i beitenæringa. 

 

Jerv tett inntil fylkesgrensa, og ulv ute med kysten

- Når rovdyrsonene vert fyllt opp, er det ikkje beitedyr igjen. Det betyr at rovdyra trekker seg ut. Med ei ynglesone  for jerv tett inntill fylkesgrensa til Sogn og Fjordane, vil dyra gå fram og tilbake.

Som resultat har me no eksempelvis hatt ulv heilt ute langs kysten i Sogn og Fjordane to år på rad, med tap av sau på utmark som resultat. Denne ulven har då kryssa Noreg på tvers, sa Einan frå talarstolen. 

- Me som driv med beitedyr i beiteprioritert sone fryktar at sommaren kan verte blodig. Kven er den neste som får besøk av ulven? 

Med lite/ikkje snø om vinteren langs kysten, er det uråd å spore ulven. Difor har me framleis same ulven som herjar i Sogn og Fjordane, milevis unna ulvesona. 

- Slik kan me ikkje ha det. Beitebruk er livsnerva i jordbruket her. Det syner seg at beitelandskap i aktiv bruk har store miljømessige føredelar for samfunnet, og at sauen skal produserast  på utmarksbeite med slaktemodne lam rett frå fjellet.