Vik Bondelag markerte Bondeven-kampanjen og inviterte "bondevener" til ein prat og eit lite måltid i Ostebaren på meieriet. -Det vart eit hyggeleg møte, seier leiar i Vik Bondelag Erik Lidal. Saman med styremedlem Per L. Tistel utnemnde han bondevenene, og takka for deira positive haldningar og bidrag for landbruket i området. Dette vart teke godt i mot blant Bondevenene, dei sette stor pris på å verte tildelt tittelen.

Vener i Vik. Frå ventre Lise Skjerven (veterinær), Arne Skeie (tidlegare landbrukssjef), Jens Brekke (gamalosthøvding), Pål Green (inseminør og tidl. Tine-tilsett), Per L. Tistel (styremedlem i Vik Bondelag), Jan Loopstra (veterinær) og Erik Lidal (leiar i Vik Bondelag)  

-Det er ei ære å få tittelen Bondeven, meinte dei inviterte gjestene.