- Eg trur gjerne politikarane vart litt overraska over at vi utfordra dei, og samstundes ynskte å gje dei ei god oppleving på den måten vi gjorde, seier Flatjord.  - Vi er ei næring som treng gode politiske avgjerder, og vi veit at det er mange politikarar som arbeider for næringa vår, samstundes erkjenner vi også at mange av dei treng meir kunnskap om kva landbrukspolitikk er og kva deira rolle kan vere i utforminga av politikken, held Flatjord fram. - Eg er godt nøgd med dei gode samtalene kring gårsdagen frukostbord, og eg legg ikkje skjul på at eg vonar politikarane kan medverke til eit godt jordbruksoppgjer etter påske avsluttar Flatjord.

Smilet sat laust når styremedlemene i fylkesbondelaget inviterte fylkesutvalet til frukost