Serverte frukost til fylkesutvalet
- Vi fekk oss ein triveleg prat før dagens møte i fylkesutvalet, seier nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Marit Flatjord. Tiltaket vart gjennomført som ein del av Bondelaget sin påskeaksjon, der målet er å gje ulike menneske eit god oppleving i ei ramme med norsk landbruk i sentrum.
- Eg trur gjerne politikarane vart litt overraska over at vi utfordra dei, og samstundes ynskte å gje dei ei god oppleving på den måten vi gjorde, seier Flatjord. - Vi er ei næring som treng gode politiske avgjerder, og vi veit at det er mange politikarar som arbeider for næringa vår, samstundes erkjenner vi også at mange av dei treng meir kunnskap om kva landbrukspolitikk er og kva deira rolle kan vere i utforminga av politikken, held Flatjord fram. - Eg er godt nøgd med dei gode samtalene kring gårsdagen frukostbord, og eg legg ikkje skjul på at eg vonar politikarane kan medverke til eit godt jordbruksoppgjer etter påske avsluttar Flatjord.