I fråsegna frå fylkesårsmøtet som mellom anna er stila til leiar i interimstyret for Norsk institutt for bioøkonomi, Einar Steensnæs, Landbruks- og Matdepartementet og Norges Bondelag, står det følgjande:

Årsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag er kjende med at det føregår ein gjennomgang av strukturen i Bioforsk sitt regionale nett av forskingseiningar, dels som ein sjølvstendig prosess og dels i samband med fusjonsprosessen av Bioforsk, NILF og Skog og landskap.  Vi er kjende med at Bioforsk Fureneset er føreslegen lagt ned.  Noko som vil svekke FoU arbeidet knytt til grasdyring på store deler av Vestlandet. 

Det vil også vere avgjerande for fruktmiljøet i Indre Sogn at Ullensvang kan halde fram sitt forskingsarbeid innan frukt.  Skal næringa utvikle seg vidare vil det vere avgjerande med kunnskap som direkte kan kome til nytte i vår region.  Denne kunnskapen kan ein best skaffe ved å utføre forskinga der frukta skal dyrkast.

Årsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag vil på det sterkaste peike på kor viktig det vil vere å sikre, at det i ei tid med endra klima og større nedbørsmengder vil vere avgjerande å halde oppe det viktige FoU arbeidet som Fureneset og Ullensvang gjer i dag.

Fureneset

Fokus på høg arealproduktivitet, drenering/hydrologi, emisjon av klimagassar, klimatilpassa plantemateriale/overvintringsfysiologi, er sentrale utfordringar i grovfôr- og miljøforskinga framover. Forsking  på husdyrgjødsel; nytteverknad og tap knytt til lagringsmåte, spreietidspunkt, -måte og  mengde er spela inn som viktige forskingstema framover, sameleis utfordringar for å auka avlingsnivået i langvarig eng.  I dette arbeidet har Bioforsk si avdeling ved Fureneset ei avgjerande rolle i eit område av landet med mykje grasdyrking og nedbør.

Feltforsøk på Jæren (Særheim) og Trøndelag (Kvithamar) er ikkje utan vidare representative for jordbruksnæringa på Vestlandet, og ved bortfall av feltforsøk frå Fureneset vil ein mangle forskingsresultat for jord og klima for store jordbruksområde.  Fureneset har jord av ulik karakter, dels med høgt moldinnhald og har store nedbørsmengder. Kombinasjonen av jordtype og mykje nedbør er representativt for ytre og midtre strok på Vestlandet. Venta klimaendringar med auka nedbør tilseier framleis feltaktivitet og forsking i nedbørrike strøk for å kunna sjå på effektane på mellom anna overvintring i eng, dreneringsbehov og tap av næringsstoff som er viktig i miljøsamanheng.

Feltaktivitet er også viktig i  utvikling av sortsmateriale tilpassa eit vestlandsklima,  jfr. Fureneset som utprøvingsstad for verdiprøving i gras for Mattilsynet og vestleg utprøvingsstad for Graminor.

Det vil vere uheldig for landbruket på Vestlandet om Bioforsk gjev opp tilstadeveret på Fureneset, og det vil vere uheldig for Bioforsk og forskinga å ikkje ha denne forskingslokaliteten i ein landsdel med spesielle vilkår, og der overføring frå landsdelar med andre vekstvilkår ikkje er dekkande.