Norsk landbruk har ei verdiskaping på over 150 milliardar kroner.  Sysselsettinga, i ei av få komplette verdikjedar, er på over 100 000 arbeidsplassar.  Vi har framleis eit landbruk over heile landet, noko som gir eit effektivt landbruk med god arealutnytting.   Vi har saman med Island den lågaste bruken av antibiotika i verda.  Som eitt av få land sanerer vi besetningar med MRSA, og har godt håp om å hindre at dette blir ein del av norsk husdyrhald.   Giftbruken innan planteproduksjon, frukt og bær er låg.    Epla rotnar framleis når dei blir liggande lenge, og det skal vi vere glade for. Ser vi litt stort på det so har landbrukspolitikken i Norge vore ein suksess. Suksessen har landbruket fått til gjennom eit aktivt samspel mellom bonden, samvirka, organisasjonane og Staten.  

Vi ser også at forbrukaren blir meir og meir stolte av den norske maten, men også av den norske bonden.  Vi leverer mat av høg kvalitet, vi leverer også eit levande kulturlandskap over heile Norge – nesten.  Vi ser dessverre at areal er i ferd med å gå ut av drift spesielt på Vestlandet og i Nord-Norge. Vi ser at inntektsutviklinga mellom store og små bruk går i dei store sin favør.   Vi ser at halvparten av norske mjølkeprodusentar er borte dei siste 15 åra.  Vi ser at matproduksjonen sentraliserer seg og veks i område som har dei beste forholda for planteproduksjon.

Med dette som bakgrunn var spenninga stor når landbruks og matministeren Dale la fram Jordbruksmeldinga fredag 9. desember.  Ville det komme klare verkemiddel retta mot område der areal er i ferd med å gå ut av drift ?  Ville der ligge langsiktige grep om korleis vi skulle heve norsk sjølvforsyning ?  Ville der ligge regionale moglegheiter for å påverke utviklinga av jordbruket ?  Ville meldinga vise veg for å utvikle jordbruket til ei enno meir berekraftig næring med tanke på resursutnytting og klimapåverknad?

Desse utfordringane fekk vi ikkje svar på!   To ord går igjen i meldinga og det er effektiv matproduksjon og forenkling av dagens verkemiddela i landbrukspolitikken.  Forenkling gjev mindre høve til å sikre målretta ordningar retta mot ulike driftsvilkår, produksjonar og distrikt.  Forenkling vil vere lik omfordeling av økonomien i verkemidlane.  Noko som ofte gjev forverra økonomi for distrikta og gjennomsnittsbruka.

Meldinga er eit langt steg vekk frå den Norske landbruksmodellen.  Ein modell der ein brukar budsjettpengar for å utjamne ulike inntektsmoglegheiter mellom store gardar og små gardar, og mellom geografisk ulike områder.  Ein modell som tek biologisk matproduksjon på alvor, som sikrar omsetting av produka bøndene produserer.  Ein modell som tek utgangspunkt i familiejordbruket og dei mange, langsiktige,  eigarane som vil forvalte jorda i generasjonar. 

Inntektsmålsetting til norske matprodusentar blir svekka i meldinga, inntekt for bonden skal vegast opp mot ein «effektiv matproduksjon».  Gjennom å kutte marknadsreguleringa innan fleire produksjonar, gjennom å avvikle refusjonsordninga for ferie og fritid svekker regjeringa  «tryggleikstsnettet» og makta til bonden i verdikjeda.

For Vestlandet og distriktsjordbruket generelt er dette so store negative endringar at det mest nærliggande rådet til Stortinget vert å sende Jordbruksmeldinga i retur til regjeringa.  Det er i desse områda vi har dei små og mellomstore matprodusentane, som ikkje har opplevd auke i inntekta sidan den Blå-Blå regjeringa tok over regjeringskontora. Vi har dreve nok «opphaldande» strid. Kanskje er på tide å seie eit tydleg NEI til regjeringa sine planar for norsk landbruk ?

 

Helsing Sogn og Fjordane Bondelag,
Anders Felde