Bondeorganisasjonane er samde med staten om ei fordeling av midlane i tråd med føringane frå Stortingsfleirtalet
Stortingsfleirtalet med partia Høgre, FrP og Venstre vedtok 16. juni ei jordbruksavtale med ei ramme på 625 millionar kroner. Samstundes vedtok partia målprisane som skal gjelde fra 1. juli i år, og dei gav partane i jordbruksforhandlingane i oppgåve å fordele dei resterande midlane.  Fordelinga vart klar i går kveld.

For oss er styrkinga av driftstilskota for mjølk og storfekjøtproduksjonen bra, men det burde vore innført struktur på driftstilskotet på ammeku med høgare sats for dei første 20 ammekyrne, meiner Felde.  Elles er det bra at målprisen på svin vert oppretthalden, beiteordningane i utmark styrka og beite på innmark ikkje svekka  i like sterk grad som i staten sitt tilbod.  Auken i kraftforprisen er utrekna til å bli kring 4 øre.  Mykje av dette vert kompensert gjennom auka distriktstilskot på mjølk og kjøt.  

På den negative sida kjem endringa knytt til lammetilskot der lam i klasse O ikkje lenger får tilskot.  Dette vil råke sauehaldarar med lettare rasar i sterk grad.  Det er svært skuffande at tilpassinga til WTO-regelverket vert gjort på denne måten, og ikkje slik landbruksorganisasjonane ynkte i sitt framlegg, held Felde fram.

Elles er ramma tiul investeringar auka med 60 millionar.  Det er også opna opp for tilskot på inntil 35 % ved investeringar (Gjeldande er 33).  Faglaga skal inngå i dei regionale parnerskapane.

- Norges Bondelag braut årets jordbruksforhandlingar fordi regjeringa gav oss eit tilbod som ikkje svarte på utfordringane i norsk landbruk.  Stortinget har auka ramma, men ho er likevel for låg til at det er rom for naudsynte satsingar, seier ein mellomnøgd fylkesleiar.    - Fordelinga av ramma ein hadde til rådvelde er brukbar, men totalramma gjev ikkje bonden ei kronemessig inntektsutvikling som andre yrkesgrupper, og det er ikkje bra, avsluttar Felde.

Her kan du rekne på utslag av avtala