- Vegvesent sjølv utfører ikkje oppsett av rekkverk eller autovern, men lyser slikt arbeid ut på anbod. Dersom det ikkje i anbodsutlysinga er lagt klare nok føresetnader om at bønder som grunneigarar langs veg skal bli orienterte om arbeidet, og at det vert opna for dialog før arbeidet vert sett i gong, kan det bli problem for bonden å fremje sine interesser. Utfordringa gjeld spesielt for eldre veganlegg. Ved nyanlegg er rekkverk og autovern ein integrert del av bygginga, der grunneigar kan ivareta sine interesser som part i saka. 

På møtet vart det erkjent at det skal vere gode rutiner og dialog mellom grunneigar/bonde og Vegvesenet, knytt til etiske retningsliner i Vegvesenet si Handbok, også når det gjeld bygging av rekkverk langs veg.

- For jordbruksdrifta kan det vere grunn for å endre avkøyrsle frå veg til landbrukseigedom, i samband med endra produksjon og drift, ved bruk av støre landbruksmaskiner og auka biltransport. Frå Vegvesenet si side kan det også vere grunn for å stenge eldre avkøyrsle med rekkverk på grunn av auka trafikkfåre, men då er Vegvesenet forplikta å koste ny avkøyrsle for grunneigar.

Elles viste Vegvesenet til at det er stor trong for trafikksikring med rekkverk og autovern langs vegane, men at dei har for små økonomiske løyvingar og må prioritere mellom ønska tiltak. Dei uttrykte i den samanheng innspel kring trong for rekkverk og autovern frå ålmenta og ikkje berre frå trafikkutvala i kommunane.

Når Vegvesenet har prioritet eit anlegg, føretek dei synfaring, skaffar entreprenør til arbeidet og tek så ei ny synfaring saman med entreprenør før arbeidet vert sett i gong. Det vart semje om at Vegvesenet må vere ansvarleg for at det pr brev eller telefon må innleiast kontakt og dialog med bonde/grunneigar ved Vegvesenet si første synfaring, der bonden kan kome med ynskjemål om avkøyrsle og passasjar gjennom rekkverket med utgangspunkt i ynskjemål for gardsdrifta si.

Det vart også semje om å skipe til årlege møte mellom fylkesbondelaget og Vegvesenet, for å utveksle synspunkt og erfaringar kring saka og for å kunne ta opp andre trafikale saker knytt til landbruksnæringa. Det var også eit ønskje at Skogeigarlaget kunne delta på eit slikt møte, i samband med endra driftsmåtar i skogbruket knytt til veg.

Fylkesleiar Per Hilleren i god dialog med representantar frå Vegevesenet  i møtet