Erling Offerdal er vald til leiar av styringsgruppa for saueprosjektet i Årdal, Lærdal og Aurland.Sauenæringa har fått med seg kommunane og fylkesmannen på å starte opp eit treårig satsingsprosjekt med sikte på å styrke sau- og utmarksnæringa i dei tre kommunane.  - Det er svært godt å sjå at kommunane har tru på næringa og legg både arbeid og pengar på bordet for å få realisert satsinga held Hilleren fram.  - Vi kunne ha trengt fleire kommunar som vert så konkrete og målretta i sitt arbeid som desse tre kommunane syner gjennom dette prosjektet, seier ein tydeleg Hilleren.

Erling Offerdal frå Årdal er vald som leiar av styringsgruppa.  Med seg i styret har han Ole Bjarne Hovland, Erling Nesse og Sigrud Vikesland frå næringa samt Audhild Rogdo, Anders Voll Eltun og Ingvill Eldegard frå kommunane.

Som leiar i Sogn og Fjordane Bondelag har vi også ein viktig jobb å gjere både når det gjeld å arbeide for betra økonomi i sauehaldet, samt halde fram arbeidet for å sikre at desse flotte høgfjellsbeita vert trygge for sauen.  Det vil seie at rovviltet ikkje får etablere seg og gjere områda ueigna for sau, seier Hilleren.  Han rosar eit godt tiltak og vonar det kan gje eit løft for næringa og ein auke i sauetalet i dei tre kommunane som er med på prosjektet.

Her kan du lese reportasje om prosjektet i Sogn Avis