Bodskapen frå fylkesleiar Anders Felde til Krf sin næringspolitiske talperson på Stortinget, Steinar Reiten var tydeleg i Luster på måndag. Reiten vitja Luster saman med Stortingsrepresentant Tore Storehagu frå vårt eige fylke.  Jon Olav Kvamme frå fylkespartiet var også med på gardsbesøket saman med fylkesbondelaget og leiar i Luster Bondelag.

Høgt under taket i dialogen, men fysisk lågt under taket i fjøset frå 1960-talet. Anders Felde og Sigurd Mathias Aasen i prat med Reiten og Storehaug.

Sigurd Mathias Aasen tok over bruket i 2016 og saman med aktive kårfolk driv han med kring 10 mjølkekyr.   Fjøsen er frå 1960-talet og må fornyast elles så vert drifta lagt ned og areal vert ståande unytta.   Familien i Dalsdalen i Luster planlegg no å bygge eit nytt fjøs med plass til 18 mjølkekyr.  Ei slik utbygging vil vere tilpassa driftsgrunnlaget på bruket og gje ein arbeidskvardag som gjer det mogleg å halde fram med leigekøyring.   Skal dette gå i hop økonomisk må vi hente mykje av inntekta utanom bruket dei første åra.  - Det er lysta til å halde jorda i stand og gleda ved å arbeide med dyr, som motiverer meg til å gjere noko som reint bedriftsøkonomisk nok er til å les av, seier Aasen.

- For mange kan nok 18 mjølkekyr høyrest lite ut etter investering, men for familien i Dalsdalen er det denne typen utbygging som kan vere mogleg ut frå tilgjengeleg areal og ein arbeidskvardag som familien kan få til å henge saman, seier fylkesleiaren.   - Det er også mange av desse bruka vi må få med oss inn i framtida, og då må det pengar til, slik er det berre sa ein tydeleg Felde til politikarane frå Krf.   Krf sit med mykje av nøkkelen i Landbrukspolitikken, og det er flott at dei medverka til 75 friske millionar inn i landbruket ved handsaminga av Statsbudsjettet.  Stor honnør for den jobben Krf gjorde der, men det må ikkje stoppe der skal vi kome i mål og framleis ha eit landbruk i heile landet.

Utsikt frå tunet nedover mot Lustrafjorden. Det meste arealet ligg høgare oppe i Dalen

Else Tømmerstøl frå Tine gjekk gjennom økonomien og planane for investeringa, slik at politikarane skulle få kunnskap om realitetane for dei som skal gjere dei store vala ute på grasrota.  F.v. Tore Storehaug, Steinar Reiten, Else Tømmerstøl og Jon Olav Kvamme frå fylkespartiet til Krf.