Einan og familien har bygt ein moderne fjøs for sau. Det er ikkje tvil om at ein marknad i ubalanse merkast i lommeboka for den unge bonden.   - Eg ser at marknaden kan svinge i ulike produksjonar og difor tek eg sats og prøver ut jordbær som ein ny produksjon på garden, held Einan fram.  - Det er bonde eg har lyst til å vere og då lyt eg bygge opp eit produksjonsgrunnlag som gjer det mogleg.   Om vinteren teke eg på meg nokon taubanedrifter i skogen saman med ein kamerat, så i sum blir dette i alle høve nok arbeid seier småbarnsfaren og den tidlegare læraren ved Sogn Jord- og Hagebruksskule.

Bilete: 4 dekar med nyleg planta jordbær på Hafslo

 

Glad for styrking av tilskot til slått av bratt areal

Garden på Hafslo er ikkje nett flat, og eigedommen strekkjer seg frå Hafslovatnet opp til fjellet i ein smal tarm.  Ein del av jorda vert hausta to gonger, medan mykje vert beita vår og haust og slått ein gong.  Einan er godt nøgd med omlegginga og styrkinga av tilskot til slått av bratt areal som vart vedteken i årets jordbruksoppgjer.  Det er ikkje tvil om at tidsbruken på slått av bratte areal skil seg vesentlege frå slått i flatt terreng.  Det er difor viktig at denne driftsulempa vert kompensert skal dette arealet kunne bli slått i framtida.   Då fylkesleiaren i Bondelaget saman med Stortingsrepresentant Torgeir Knag Fylkesnes og fylkesleiar Vibeke Johnsen frå SV vitja garden tidlegare i juni, var Einan svært tydeleg på kor viktig det at driftsulemper vert kompensert.  Viss ikkje vert bygder som Hafslo taparane.

Fylkesleiar Anders Felde drøftar småfe med Torgeir Knag Fylkesnes og Vibeke Johnsen, medan bonden sjølv Olav Høyheim Einan smiler lurt.