SER LYST PÅ LIVET: Gunnar Jan Gjerland.

 

- Eg må seie eg har god erfaring med ammekyr, det har gått over all forventning. 

Gjerland var mjølkebonde i 25 år, men for åtte år sidan la han om drifta. Ifylgje bonden var det behov for å investere, og han meinte det ville bli vanskeleg å få nok areal med eit robotfjøs. Difor satsa han på kjøttfe, ein produksjon han tykkjer høver godt på garden i Haukedalen i Førde.  

- Eg har bra med grovfor. Dessutan har eg rikeleg med beite, dyra går ute i 3-4 månader om sommaren. Då eg dreiv med mjølkeproduksjon var eg fastlåst kvar dag, for meg er dette eit lettare liv. 

 

- Akkurat det me ynskjer å sjå

NØGD: Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde.

 

- Denne type gardsbruk håpar eg å sjå meir av framover. Her nyttar dei garden sine ressursar, både innmarksbeite og utmarksbeite. Når eg ser på beita her, er dei heilt strøkne. Eg håpar fleire i Sogn og Fjordane satsar på ammekyr i framtida. 

Felde fortel at det er mangel på storfekjøtt, og at det blir importert over 20 tusen tonn. Vidare er mykje areal på veg ut av drift. 

- Eg trur me kan snu utviklinga, me har gode moglegheiter for beitande dyr i fylket vårt. 

 

- Går bra med storfeprosjektet

LEIAR FOR STORFEPROSJEKTET I SOGN OG FJORDANE:  Jo Helge Sunde.

 

- Det er stor vilje og etterspurnad frå folk, som vurderer å byrje med ammekyr. Det er kjekt. 

I Sogn og Fjordane har storfeprosjektet mellom anna sett seg mål, om å auke antal ammekyr i fylket. 

- Målet er å få 300 fleire ammekyr årleg, dei neste tre åra. 

No er det underskot på storfekjøtt, kor lang tid vil det ta å rette opp det? 

- Det er vanskeleg å seie, men dersom det er gode rammevillkår, er eg sikker på at bøndene vil klare det. 

 

Aldri angra

ANGUS: Gjerland har cirka 60 dyr på beite no.

 

- Eg har eit godt liv og økonomien er grei. 

Gjerland fortel at ein mjølkebonde truleg har høgare bruttoinntekt, men at han som driv med ammkyr har høgare timebetaling.  

- Planen vidare er å auke produksjonen til 70-80 dyr.

 

Ynskjer du lese meir om Gjerland og sjå fleire bileter av dyra han har? Klikk her.