SATSAR: Ole-Ivar Åm Sognnes. 

 

- Det er veldig godt å vera ferdig med dette byggetrinnet, fortel Ole-Ivar Åm Sognnes. 

I strålande sol tok Ole-Ivar Åm Sognnes imot Bondelaget heime på garden sin i Leirvik i Sogn. Han har bygd om fjøsen sin til lausdrift, og der har han plass til 27 mjølkekyr. I tillegg er det også ei ungdyrside. 

- Planen vidare er å bygge om den gamle båsfjøsen til kalvar og dei minste ungdyra, seier Sognnes.  

Saman med kona skal dei drifte garden ilag. I tillegg har dei to menn som er tilsett. For det er travelt for Åm Sognnes.

- Eg driv også Åm Sognnes Bygdeservice. Der tek eg oppdrag for både private, og folk innafor landbruksnæringa. Det er mykje å gjere i Hyllestad, men også i kommunane rundt. 

 

Ny epoke

TIDLEAGRE NESTLEIAR: Åm Sognnes har hatt ulike verv i Bondelaget. Fram til mars 2019 var han nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag. 

 

- Det var med blanda kjensler at eg valde å ikkje ta attval som nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag. 

For 36-åringen har Bondelaget vore ein viktig del av livet. Frå han starta som leiar i lokallaget sitt i 2007, til han gjekk av som nestleiar i fylkeslaget i 2019. 

- Eg har hatt mangen spennande verv. Eg må faktisk minne meg sjølv på at eg faktisk ikkje treng sjekke, lese og fylgje opp saker slik som eg gjorde før. No er det berre meg sjølv, familien min og bedrifta vår. 

Sognnes fortel at det var med blanda kjensler han takka av under fylkesårsmøtet til Sogn og Fjordane Bondelag på skei vinteren 2019. No har han minnene å sjå tilbake på.  

- Det var ei kjekk og lærerik tid. Eg fekk treffe så mange ufatteleg flinke bønder i fylket vårt. Dei sto på, og utvikla gardane sine på best mogeleg måte. Det var vemodig å innsjå at det no var over for denne gong.   

 

Framtidsplanane

MED FAMILIEN: Ole-Ivar saman med kona Ina, og dei to døtrene Ingeborg og Marie. 

 

- Etter me flytta inn i ny fjøs har me senka skuldrane litt. Mange vil sikkert tenke at me ikkje har slappa av så veldig mykje, men i vår målestokk har me faktisk teke det med ro. 

Han er glad i jobben sin, sjølv om det kan vera travelt. 

- Me har mykje å gjere framover, så noko roleg sommar trur eg ikkje me får.