STOLT BONDE I FJÆRLAND: Hege Våtevik. 

 

- Eg har ein kvote på 262 000 liter, og den håpar eg å fylle. 

Sogn og Fjordane Bondelag møter Hege Våtevik heime på garden i Fjærland. 

 

Valde å satse

NY FJØS: I 2016 sto den nye fjøsen klar. 

 

- Eg valde å satse. Om eg skulle ta over garden var eg nødt til det. Innreiinga i gamle fjøsen var festa i taket med armeringsjern, for at den ikkje skulle ligge flat.  Så uansett måtte eg ha investert i ny innreiing og nytt mjølkeannlegg, då var det like greit å investere skapeleg.

Våtevik driv no mjølkeproduksjon med robot, og fortel at bondelivet er godt.

- Eg likar å gå inne i fjøsen med dyra, og eg syns det er greit å jobbe ute. Det å vera bonde er midt i blinken.